Eksamensangst?

av Mari in desember 11, 2009
Kategorier 1

Stikkord:, , , ,

I dag vil eg nytta utdrag frå Hedda Nilsen sin sin sang “eksamensangst” som raud tråd i blogginnlegget mitt. Og spørsmålet mitt er i bunn og grunn; Kvar er du?

Bilete av oss når me syng sangen på julebordet. God stemning.

Bilete av oss når me syng sangen på julebordet. God stemning. (c) Jarand.

“Når studenten innser, at semest’ret er endt
sniker angsten frem, settes verden på vent”

Ja, hadde det berre vore så vel! Angsten er der forsåvidt. Men eigentleg trur eg det er noko som ligg att etter julebordet på laurdag. Og i forhold til å setja verda på vent; Eg har vel aldri før aktivisert meg sjølv med så mykje husarbeid, sosiale aktivitetar og tv-kikking som no. Men samvittigheten derimot, den er rimeleg dårleg. Egentleg trur eg at eg brukar mykje meir tid på å tenka på alt eg skulle ha gjort, enn det faktisk hadde teke å berre gjort det.

“Man tar fatt på jobben,
På det som ligger bak
Tradisjonsrik skippertak”

Der kjenner eg meg igjen! Skippertak er mellomnamnet mitt. Eg lurar på kor mange gonger eg har sagt “Det er jo ei heil/nesten ei heil veke til eksamen,” dei siste dagane. Eg har altså ikkje tatt skikkeleg fatt på jobben endo, og imorgon er det tre dagar te el grand finale.

“For når svaret kommer, venter vår alles venn
Lånekassa gjør lån til stipend”

Ja, kjem det til å skje i år? Eg kryssar fingrane..

“Uansett resultater,
du vil alltid forbli
gjeldsslave- dattera mi”

Og her dukkar spm som eg har stilt meg fleire gonger denne veka opp. Kor stort skal eg eigentleg la lånet bli før eg gir meg med studiene? Er nokre år til på skulen verdt eit studielån på ein halv million? Og kjem eg til å få meg noko skikkelig jobb? Kva om NAV vert min “arbeidsgivar”. Korleis skal eg då få skikk på livet mitt med så mykje gjeld? For me har jo ikkje noko garanti. Me som ikkje skal bli juristar, økonomar eller ingeniørar; finst det godt betalt arbeid til oss der ute?

Eg vonar om det. Og så vonar eg om at eg våknar imorgon med skikkeleg eksamensangst, sånn at eg kan pella meg på skulen og lesa som fy. Etter at eg har skrive to saker, og handla inn til julekosekvelden som me skal kopla av med etter endt lesing.. Høyres jo lovande ut ditta vel?

Ser da ut som disse to skal ha eksamen om 36 tima?

Ser da ut som disse to skal ha eksamen om 36 tima?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Oppfordring te storabuen..

av Mari in desember 8, 2009
Kategorier 1

Vil nytta sjansen te å oppmoda alle storabuar, særleg dei med teknytting te Sagvågen, om å få med seg konserten til Sagvåg Skulekorps og Frk. Pinnevik på laurdag!

Viktig å legga te at både far min, og mi kjære syster skal spela, og eg synest eigentleg at det er ei skam at eg må sitja her i Bø og lesa til eksamen. Men krysser fingrane for kjempeoppmøte, og ekstraforestilling i januar når eg er tilbake på sumarøya.

Kopiert frå www.sunnhordland.no Pappa ytterst til venstre, Malena sånn ca i midten.

Kopiert frå www.sunnhordland.no Pappa ytterst til venstre, Malena sånn ca i midten.

Les om konserten her:

http://www.sunnhordland.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20091129/KULTUR/711209989

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Artig blogg..

av Mari in desember 8, 2009
Kategorier 1

Eg e jo ikkje noke flink verken te å blogga sjølv, eller lesa andre bloggar, men adventstida har bydd på eit unntak. Har dei siste dagane kost meg med haikebloggen te Adrian, og synst at andre og burde ta ein kikk på den.

Kult opplegg gutta! Gler meg te sjå om dåke kjem dåke heim att til jul.

http://haikebloggen.vgb.no/

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Snart jul!

av Mari in desember 4, 2009
Kategorier 1

No e da litt øve to daga te eksamen, å alt eg klare å tenka på e at da e berre ein dag te julabord!

Imåro brake da laus med mitt (muligens) siste julabord på Kroa i Bø, og eg glede meg faktisk som ein unge. Hadde da kje vore for at eg skal lesa til eksamen både før og etter, så hadde alt vore strålande.

Julabord på Kroa i fjor!

Eg e egentli litt vemodig for tio, fordi den 18. des. forlate eg Bø for godt, og da e ganske trist, for eg trives så forferdli godt her. Ikkje nok me at eg ska reisa frå dei fantastiske sambuarane mine, men alle dei andre kjekke bøfolko så eg e blitt så gla i!

Heldigvis så kan eg sjå fram te å reisa heim te familie å venne på Stord, besøka alle beibiane så e komt te, å klappa på gravide venninne. Da ska bli digg å få mamma, og pappa og Malena sin heimalaga mat, og begynna i knallspennande praksis itte jul. Ikkje minst to mnd i sørligare strøk, noko vintermørket har minna meg på at eg sakna stort.

)

Min skjønne familie :)

I tillegg så e da jul, og kin så ikkje gler seg te å komma heim te jul! For meg vente utallige julamiddaga og selskap, og da årlega julabordet med klassen, og ikkje minst med venninnegjengen står høgt på listo. Så eg velge å gle meg te å bli ferdi med eksamen, og te å ha ei nydleg jul heima, så kjem nok saknet av Bø snikande på i januar..

Maren vise fram julapresangen sin på fjorårets julabord!

Maren vise fram julapresangen sin på fjorårets julabord!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Fest med fiffen

av Mari in november 23, 2009
Kategorier 1

Eg kan heilt ærlig innrømma at når eg reiste te Oslo i helgo, så hadde eg ingen som helst aning om kva eg begav meg ut på, og skulle få ta del i.

Eg og Silje reiste te storbyen for å handla julapresanga, og sjå New moon på kino. Kristin tok i mot oss på “hostellet” sitt, og me hadde ein spesiell opplevelse i kinosalen med 500 fjortisar, der forøvrig 50% av dei hadde streng, og Edvard Cullen som bakgrunnsbilete på telefonen.

Da e jo ein ting å klappa å jubla når filmen begynne, og slutte, men kvar gong ein av gutane kom på skjermen, eller tok av seg skjorta? Eg brukte eigentleg meir tid på å vera flau øve resten av gjengen i salen enn å sjå på filmen.

Laurdag flytta eg til Brita, som ikkje hadde tid til å vera med meg på kvelden, fordi ho skulle stå i garderoben på Hermine Middelfart sin fest. Eg var hos May-Brith og Dorthe og såg på skal vi danse finale (på opptak) når brita ringte.

“Hei, me er invitert til å vera med på festen, har du lyst til det?”
“Hei, eh.. Eg har jo ingen klede”
“Jamen, prinsesso e her”
“Okei, eg kan sikkert låna noke her”.

Så itte eg hadde prøvd alt dei hadde i skapet blei eg henta heima hos Brita, og me for på fest. Hermine bur ganske staslig. Ho har kongen som nabo på eine sida, og Toralf Maurstad på andre. Huset e heilt gigantisk, men likavel hadde dei leigd nabohuset til kongen på andre sida for festlighetane. Lang historie kort. Da va open bar, med fancy drinkar og bartendarar som kasta alt i lufta, Goldfinger snurra plater, og alle var ivrige på dansegolvet. Eg sto rett attme Ari i baren, og både Celina og Märtha vart observerte, og utanfor i bilen sat livvaktane deira.

Då me kom tilbake i leiligheten til Siren, som jobbar for Hermine, og var grunnen til at me var der, kom mannen hennas og Klovner i kamp dansken ner og villa ha oss med på nach oppe, å da kunne me kje sei nei til. Så når me hadde knust eitt av krystallglassa deira, og fått i oss litt meir gratis alkohol, tutla me oss ned att.

Så no kan eg sei, heilt utan å lyga, at eg har vore på fest med fiffen. Og da inkludere då både Märtha, Ari og Celina Middelfart. Så da so.

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Da e digg..

av Mari in oktober 31, 2009
Kategorier 1

..å komma heim klokko halv tre, og så huska på at du har heve sengklerno te vask (og dei e våte), så du må reia opp med dei knall oransje kreppdynetrekkene, og ha eit enkeltlaken på ei dobbelseng..

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Da e lett å gløyma kor godt ein har da

av Mari in oktober 30, 2009
Kategorier 1

Idag gjekk da verkeleg opp for meg kor godt eg faktisk like dinna plassen, og kor bra eg egentli har da her.

Eg bruke mykje av tio mi på å snakka om kor eg gler meg te å komma heim te familie å venne, og så å reisa te fjerne strøk og få nye utfordringa, og sleppa eksamen.. No har eg lyst te å bruka litt tid på å fortelja om denna fine litle plassen så eg bur på.

For da førsta så e eg så heldig å dele eit heilt hus med tre fantastiske jente. Silje, som eg kan snakka med uten stopp, om alt mellom himmel og jord, Nanna som e så søt og snill at du får lyst te å stoppa ho ut, og ha ho på rommet, men alikavel ikkje, for då hadde eg ikkje fått med meg alle dei finurlige tingo så kjeme ut av kjeften på den jento. og så Ingri då, som eg ler og ler ilag med, av dei teitaste ting. Om og om igjen.

Dagen idag har vore ein sånn perfekt bø-dag. Først skule, med hyppige kantinebesøk, så revymøte med superartige folk, og masse leik og tull, og så dart og øl på Bull In. Livet i Bø e liksom berre så bekymringsfritt. Greitt at me klage ein del øve oppgave og eksamen, men så kjeme kvelden, så glømme me da, og spele dart, synge singstar og leke spenn på boks, sammen med fantastiske folk.

Å gå å drømma om ein ni te fira jobb, lån og voksenliv e jo egentli heilt tullete. Eg må verkeleg bli flinkare te å leva i nuet, og setta pris på da eg har akkurat her..

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

W.A.S.P. til Kroa

av Mari in oktober 26, 2009
Kategorier 1

I morgon brakar det laus på Kroa.. 400 metallfans har allereie kjøpt billett, og me er spente på klientellet.. Vert det ny rekord med slosskampar, eller er metallfolk snille folk?

Sjølv har eg ikkje noko forhold til det omtalte LA-bandet, men eg har skjønt at det er stort, og at musikken er bråkete. Visstnok har vokalisten eit spektakulært mikrofonstativ som dei mest ihugga fansa vonar om at han har med seg. Elvis heiter det.

For min del vert det uansett ein minnerik kveld. Det er min siste kveld i vakta, og det er del sjølvsagt ein viss nostalgi over.. Mest sansynleg vert det eit heidundrandes nach, me får sjå an formen. Kanskje eg må reparera ein blåveis med litt øl..?

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Jentekveld i bestemornattkjole

av Mari in oktober 22, 2009
Kategorier 1

Idag, onsdag inviterte jentene i Undehaugvegen til pysjparty, og da blei ein suksess!

Uhorvelege mengder chips, brus og godteri, ein deilig runde med Fantasi (Eg mima blant anna mars og stabbur med stort hell), Sing Star og “En vampyrs bekjennelser” var den perfekte oppskrifta. Stova vart dekka av madrasser, og me fråtsa i puter, pledd og dyner. Me vart fulle i magen, lo masse og folk blei litt skremte før dei skulle heim. Fyr i ovnen og varm te satte prikken over i’en for min del.

Note to me: Me må ha fleire sånne kvelda!

Tips oss hvis dette innlegget er upassende

Vegetarmat er undervurdert

av Mari in oktober 18, 2009
Kategorier 1

Ein liten hyllest til mi kjære syster som er vegetarianer. Ein sundagsmiddag kan vera komplett utan kjøtt! (Og så er det nesten kalorifritt òg).

Tips oss hvis dette innlegget er upassende


Tips oss hvis denne bloggen er upassende

Denne bloggen blir ikke forhåndsredigert av VG Nett. Bloggens eier står ansvarlig for alt innhold.
Ingenting varer evig og nå er vi dessverre ved veis ende. VGB er lagt ned og vil ikke komme tilbake.
VG Blogg var en tjeneste levert av VG Multimedia AS. Henvendelser rettes til: Magne Antonsen
Ansvarlig redaktør/Administrerende direktør: Torry Pedersen
Redaktør digitalt Espen Egil Hansen. Redaktør avis: Helje Solberg. Politisk redaktør Hanne Skartveit
Digital direktør: Jo Christian Oterhals. Sentralbord VG: 22 00 00 00